Leiing
Leiing betyr å nå mål gjennom medarbeidarane og ta ansvar for det resultatet som blir levert.
Planleggje
Å planleggje betyr å sette mål, lage aktivitetsplanar og budsjett.
Organisere
Det betyr å dele opp verksemda i funksjonar eller avdelingar for å auke effektiviteten i arbeidet.
Gjennomføre
Planane blir sett i verk.
Kontrollere
Det betyr at leiaren følgjer opp aktivitetane og gjennomfører ei evaluering av plan og regnskap.
Toppleiing
Den består av styre og dagleg leiar som har ansvar for mål og strategi og representerer bedrifta.
Mellomleiarar
Avdelingsleiarar som har ansvar for at naudsynte resursar er på plass til rett tid.
Operative leiarar
Leiarar som har ansvar for den daglege drifta.
Administrator
Ein person som skal sørgje for at drifta er i samsvar med lover, reglar, prosessar og prosedyrar.
Entreprenør
Ein person som er kreativ, entusiastisk, dristig, tenkjer i nye banar og viser vilje til å ta risiko.
Integrator
Ein person som skal sørgje for samhald og trivsel i bedrifta.
Teori X
En teori som går ut på at mennesket er lat og vil lure seg unna arbeidet og derfor må styrast og kontrollerast.
Teori Y
En teori som går ut på at mennesket ønskjer å bruke kreftene sine på arbeid, og er arbeidet motiverande vil folk identifisere seg med oppgåva og legge planer og kontrollere arbeidet sitt sjølv.
Bedriftskultur
Bedriftskultur er det sett av verdiar, haldningar og normer som i stor grad er med på å fastsetje både kva som skjer, kvifor det skjer og korleis det skjer.
Leiarstil
Leiarstilen er kopla til åtferda ein leiar bruker overfor sine medarbeidarar, jf. diktatoren, la-skure-leiarane og demokraten.
Kompetanseutvikling
Det betyr å oppdatere og vidareutvikle medarbeidarane sin kompetanse i forhold til eit kompetansebehov som kan komme i framtida.
Gapanalyse
Ei kartlegging av kompetanse som skal vise kva kompetanse bedrifta har i dag og kva behovet for kompetanse er i tida som kjem.
Organisasjonslæring
Læring som byggjer på erfaring og som skjer på arbeidsplassen.