Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

9.1 KortSvar – Samfunnsansvar

  1. Samfunnsansvar Samfunnsansvar handlar om kva oppgåver ei bedrift ønskjer å ta på seg ut over det som er regulert i lover og forskrifter.
  2. Omdømme Omdømme er eit omgrep som er brukt i medium og kommunikasjon. Omgrepet er i denne samanhengen knytt til dei forretningsmessige forventningane omgivnadene har med omsyn til produkt, service og aktivitetar. Omdømme oppstår i skjeringspunktet mellom forventningar og opplevingar som blir skapte av ei bedrift med omsyn til løfte og levering.
  3. Økonomiske omsyn Dei økonomiske omsyna i bedriftsøkonomien handlar om at ei bedrift må gå med overskot for å kunne overleve på kort sikt. Det betyr at inntektene må overstige produksjons- og salskostnadene.
  4. Overskot Eit overskot oppstår når ei bedrift har eit positivt resultat. Det betyr at inntektene overstig kostnadene.
  5. Underskot Eit underskot oppstår når ei bedrift har eit negativt resultat. Det betyr at inntektene er mindre enn kostnadene.
  6. Miljømessige omsyn Ei bedrift bør ta eit utvida miljømessig ansvar sidan den påverkar miljøet gjennom heile verdikjeda frå råvareproduksjon til handtering av avfall.
  7. Berekraftig utvikling Ei verdiskaping som skjer i takt med naturens toleevne.
  8. Sosiale og etiske omsyn I utgangspunktet byggjer dei sosiale og etiske omsyna på at folk skal trivast på arbeidsplassen. Det sosiale og etiske omsynet har også eit vidare perspektiv idet bedrifta må vere budd på å ta ansvar for at grunnleggjande menneskerettar og arbeidslivsstandarder er tekne omsyn til i drifta.
  9. Profil Ei verksemd som går ut på at ei bedrift forsøker å utvikle sin personlegdom. Det betyr å byggje opp eit image – eit særpreg.