Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

6.3 Finansiering

Finansiering og soliditet

For å kunne seie noko om bedrifta har ei sunn finansiering, må vi sjå på forholdet mellom kapitalkjelda og kapitalbruken. Eit krav er at anleggsmidlane bør vere finansierte med langsiktig kapital – eigenkapital og langsiktig gjeld. I tillegg bør noko av omløpsmidlane også vere finansiert langsiktig.

Arbeidskapitalen viser om noko av omløpsmidlane er finansiert langsiktig. Positiv arbeidskapital er eit teikn på sunn finansiering fordi ein slepp å bruke pengar på å betale ned kortsiktig gjeld.

Arbeidskapitalen kan vi rekne ut på to måtar:

  • Arbeidskapital = omløpsmidlar – kortsiktig gjeld
  • Arbeidskapital = langsiktig kapital – anleggsmidlar

Tre krav til sunn finansiering

  • Anleggsmidlane bør vere finansierte med langsiktig kapital.
  • Halvparten av varelageret bør vere finansiert med langsiktig kapital.
  • Eigenkapitalen bør utgjere minst 35 prosent av totalkapitalen.

Eigenkapitalprosenten seier noko om kor solid bedrifta er.

Eigenkapitalprosenten = eigenkapital / totalkapital • 100 %

Høg eigenkapitalprosent betyr god soliditet. Bedrifta har da evne til å tole tap. Eigenkapitalprosenten er avhengig av bransje og risiko, men han bør nok vere minst 35 %.

Vi testar finansiering og soliditet i SPOR e-handel AS

Anleggsmidlane er finansierte langsiktig. Bedrifta har positiv arbeidskapital fordi ho disponerer langsiktig kapital ut over anleggsmidlane, kr 1 550 000. Dette er tilstrekkeleg til å finansiere meir enn 50 % av varelageret med langsiktig kapital. Varelageret er kr 1 500 000.

Eigenkapitalprosenten 1/1 = 2 800 000 / 7 300 0000 • 100 % = 38,4 %

Eigenkapitalprosenten 31/12 = 3 500 000 / 8 000 0000 • 100 % = 43,8 %

Eigenkapitalen per 1.1.03 var 38,4 %. Per 31.12.03 er han auka til 43,8 %.

Dette viser at bedrifta er inne i ei sunn utvikling og at ho er solid.