Substitutt
Eit produkt som nesten erstattar eit anna produkt.
Komplementære gode
Eit produkt som utfyller eit anna produkt.
Differanseinntekt
Endring i totalinntekta (STI) i eit gitt intervall.
Differanseeiningsinntekt
Ei gjennomsnittleg inntektsendring per eining i eit intervall.
Priselastisitet
Eit mål på korleis etterspurnaden etter ei vare endrar seg som ei følgje av at prisen på ei vare endrar seg.
Uelastisk etterspørsel
Ein prisreduksjon på 10 % fører til ei endring i mengd på mindre enn 10 %. Derfor blir differanseeiningsinntekta negativ og inntekta minkar.
Elastisk etterspørsel
Ein prisreduksjon på 10 % fører til ei endring i mengd som er større enn 10 %. Derfor blir differanseeiningsinntekta positiv og inntekta aukar.
Nøytral elastisk etterspørsel
Ein prisreduksjon på 10 % fører til ei endring i mengd på 10 %. Derfor blir differanseiningsinntekta lik null og inntekta blir ikkje påverka.