Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

5.1 og 5.2 KortSvar

  1. Dekningspunktanalyse Dekningspunktanalyse er eit verktøy som gjer det mogleg å studere utviklinga i resultatet ut frå salet.
  2. Dekningspunkt Eit dekningspunkt er mengda eller omsetninga der inntekta er like stor som kostnadane.
  3. Føresetnadane for dekningspunktanalysen Kostnadene kan splittast i variable kostnader og faste kostnader. Variable kostnader er proporsjonale og prisen er fast og uavhengig av selt mengd.
  4. Dekningsbidrag Dekningsbidrag er salspris – VEK eller STI – VTK.
  5. Dekningsgrad Dekningsgraden seier kor mykje dekningsbidraget utgjer i prosent av salsinntekta.
  6. Dekningspunkt i kroner Berekningsregel: Faste kostnader dividert på dekningsgraden multiplisert med 100
  7. Dekningspunkt i einingar Berekningsregel: Faste kostnader dividert på dekningsbidraget per eining
  8. Sikkerheitsmargin i kroner Berekningsregel: Salet i kroner – dekningspunktet i kroner
  9. Sikkerheitsmargin i einingar Berekningsregel: Salet i einingar – dekningspunktet i einingar
  10. Sikkerheitsmargin i prosent Berekningsregel: Sikkerheitsmarginen i einingar / salet ⋅ 100
  11. Følsemdanalyse Utrekning som viser kor følsamt eit resultat er i forhold til endringar i faktorar som pris, mengd, variable kostnader og faste kostnader.