Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

8.1 Investeringer må planlegges

Kor mykje kapital treng du?

Forretningsplanen må dokumentere kor mykje pengar ei etablering krev. Det krev banken. Berekninga av kapitalbehovet må vise kva du treng pengane til. Det er snakk om pengar til anleggsmidlar (driftsmidlar) og pengar til omløpsmidlar (daglege drifta).

Kva er anleggsmidlar?

Anleggsmidlar er eigedelar bestemt til varig eige og bruk som maskiner, utstyr og inventar. Kapitalbehov i anleggsmidlar er basert på tilbod frå leverandørar.

Kva er omløpsmidlar?

Omløpsmidlar er eigedelar som tilhøyrer varekrinsløpet slik som varelager, kundefordringar og likvidar – bankinnskot og kontantar. Varelager blir berekna ut frå gjennomsnittleg omløpshastigheit for slike varer i bransjen. Kapitalbehov i kundefordringar blir berekna ut frå opplysningar om varesal, avanse og gjennomsnittleg lagringstid i bransjen.

Eit eksempel – handelsbedrift

Ei bedrift har eit totalt kapitalbehov på kr 1 000 000. Beløpet har ein kome fram til gjennom denne oppstillinga:

Varebil kr 150 000
Inventar kr 400 000
Varebehaldning kr 200 000
Kundefordringar kr 100 000
Kontantar og bankinnskot kr 150 000
Sum kapitalbehov kr 1 000 000

Oppstillinga viser at etableringa krev kr 1 000 000. Eigedelane grupperer vi i anleggsmidlar og omløpsmidlar som vist nedanfor.

Anleggsmidlar
Varebil kr 150 000
Inventar kr 400 000
Sum anleggsmidlar kr 550 000
Omløpsmidlar
Varebehaldning kr 200 000
Kundefordringar kr 100 000
Likvidar kr 150 000
Sum omløpsmidlar kr 450 000
Sum kapitalbehov kr 1 000 000

Denne berekninga kan du også gjennomføre i eit rekneark, sjå reknearkmodellar.

For ei produksjonsbedrift er berekninga meir omfattande.