Investeringsutgift
Summen ein må ut med når investeringa skjer.
Økonomisk levetid
Talet på år investeringa er lønsam for bedrifta.
Innbetalingsoverskot
Differansen mellom innbetalingar frå salet og utbetalingar til variable og betalbare faste kostnader som eit resultat av drifta.
Utrangeringsverdi
Marknadsverdien investeringa har ved investeringsperiodens slutt.
Kalkulasjonsrente
Avkastninga bedrifta forlangar av investeringa. Kalkulasjonsrenta er samansett av ei sikker bankrente pluss ein risikopremie som blir fastsett skjønnsmessig avhengig av bransje og investeringsobjekt.
Tilbakebetalingsmetoden
Ein tilnærma metode som viser kor lang tid det tek før investeringa er tent inn att.
Noverdimetoden
Ein eksakt metode som går ut på å rekne om alle framtidige innbetalingsoverskot til noverdi. Lønnsemdkravet er at dei framtidige innbetalingsoverskota skal vere større enn investeringsutgifta.
Kontantstraum
Ei oversikt over innbetalingar og utbetalingar i eit gitt investeringsprosjekt
Internrente
Renta som gir noverdi lik null.
Internrentemetoden
Internrentemetoden viser kva avkastning ei investering gir, og kravet til lønsam investeringar er at internrenta er høgare enn kalkulasjonsrenta.