Bedriftsøkonomisk lønnsemd
Bedriftsøkonomisk lønnsemd ligg føre når ei bedrift har større inntekter enn utgifter ut frå ei bedriftsøkonomisk vurdering.
Samfunnsøkonomisk lønnsemd
Samfunnsøkonomisk lønnsemd kjem vi fram til når vi justerer det bedriftsøkonomiske resultatet for kostnader knytt til helse, miljø og sikkerheit.
Ytre miljø
Med det ytre miljøet for ei bedrift tenkjer vi på konsekvensane for omgivnadene på grunn av transport, utslepp, avfall, energiforbruk, avrenning i vatn og jord og utslepp i luft.
Indre miljø
Med det indre miljøet i ei bedrift tenkjer vi først og fremst på å ivareta spørsmål som helse, miljø og sikkerheit i forhold til arbeidstakarane i bedrifta.
Føre var-prinsippet
Føre-var-prinsippet seier at tvilen skal kome naturen til gode.
Vogge til grav-prinsippet
Vogge til grav-prinsippet føreset at heile verdikjeda frå råstoff til og ferdig produkt til avfallshandtering skal leggjast til grunn når ein skal vurdere miljøverknadene.
Kostnadseffektivitet
Kostnadseffektivitet uttrykkjer at ein må velje dei verkemiddel som gir mest mogleg miljøeffekt i forhold til det tiltak kostar.